IDF: Er i gang med første fase av angrep på Gaza by
Det israelske forsvaret (IDF) seier dei er i gang med den første fasen av den planlagde invasjonen på Gaza by, melder Reuters. Angrepet starta etter samanstøyt med Hamas. Talsmann Effie Defrin seier til nyheitsbyrået at IDF allereie har kontroll på område i utkanten av byen. Planen for å ta kontroll over Gaza by blei godkjent av forsvarsminister Israel Katz onsdag. Han har også godkjent at ein million palestinarar skal flyttast med tvang frå Gaza by til den sørlege delen av Gazastripa.
