I rute med billettsalet til ski-VM

Måndag morgon vart det selt 148.000 billettar til ski-VM i Trondheim. – Det går heilt etter planen til no, noko vi er godt nøgde med. Målet er å passere 150.000 billettar i løpet av denne veka, seier VM-sjef Åge Skinstad til NRK. Billettsalet er også omtrent på same nivå som på same tid før ski-VM i Oslo i 2011. – Det er 260.000 billettar til sals. Målet vårt er å selje 220.000 billettar. Klarer vi det er vi på omtrent same nivå som VM i Oslo, seier Skinstad. Han fortel også at hotella i Trondheim begynner å fylle seg opp, men at mange kan ta natt-tog for å kome seg til Trondheim utan å trene overnatting. I tillegg finst det moglegheiter på den private marknaden.

Jan 15, 2025 - 00:30
 0