Hyllar Sørloth før skjebnekampen: – Kanskje i sitt livs form

Kjetil Knutsen via tid til å snakke om landslagsspiss Alexander Sørloth før storkampen Atlético Madrid i Meisterligaen. – Han er ein verdsklassespelar, sa Glimt-trenaren. På onsdag spelar Bodø/Glimt mot det spansek storlaget i Meisterligaen. På andre banehalvdel står mellom andre Sørloth. – Han er kanskje i sitt livs form. Du ser at det er ein spelar som sprudlar, at han har det bra i livet. Han er ekstremt fysisk sterk, sa Knutsen då han møtte pressa tysdag. – Han er undervurdert på ein del ting: feilvendt, jobbar hardt, spring veldig mykje med nesa også mot motstandarmålet, sa Knutsen vidare. Glimt kjem rett frå ein krutsterk 3–1-siger mot Manchester City på Aspmyra stadion. Sjølv om sigeren mot dei engelske meistrane gav sjølvtillit, må laget ha tre poeng mot den spanske storklubben for å ha håp om avansement. I tillegg må fleire andre resultat gå Glimt sin veg. – Det blir ein ekstremt tøff kamp å møte lag som kjempar om topp åtte. Me håpar at Atlético Madrid ikkje er ein av dei laga, det må vere lov å seie, sa Knutsen. Madrid-laget treng ein siger for å kome seg innanfor topp åtte, som går rett til åttedelsfinale.

Jan 27, 2026 - 21:00
 0