Fylkesveg stengt i Volda etter steinskred

Fylkesveg 5829 ved Ytre-hornstranda utanfor Hornindal i Volda kommune er stengt på grunn av eit skred. Det melder Sunnmørsposten. Dermed er vegen inn til Otterdalen stengt. Det skal vere fleire steinar i vegbana som følge av skredet. Autovernet ser også ut til å ha fått skader i skredet. Ifølge Statens vegvesen sine nettsider blir vegen truleg stengt til søndag. Politiet har ikkje fått noko meldingar om at nokon skal ha blitt skadd som følge av raset. Bengt Flaten, redaktør i avisa Fjordingen, er på staden. – Det er ein god del store steinar og nokre tre. Det er rundt 40–50 meter av vegen som er dekt, seier han.

Oct 11, 2025 - 16:00
 0