Fotballfest i Stavanger – tre mål på overtid
Det vart ein skikkeleg målfest mellom Viking og Tromsø. På overtid vart det scora tre mål. Kampen enda 4–4 og poengdeling i Stavanger.
Tromsø gav gjestane ein skikkeleg kalddusj, då dei før det var spelt 10 minutt tok laget leiinga i oljehovudstaden.
Målet kom etter at Vikings Marin Over Roseth prøver å spele seg ut bakfrå, men vart pressa på hjørnet av eigen 16-meter. Ballen spratt vidare til Jakob Romsaas som serverte ballen vidare til Vegard Erlien som aleine med keeper set ballen enkelt i mål.
Same mann var på nytt løp etter sidebyte og dobla leiinga til Tromsø.
Så starta målfesten i Stavanger. Henrik Heggheim reduserte først til 1-2, før Jens Hjertø-Dahl tok Tromsø opp til 1-3. To minutt seinare reduserte heimelaget nok ein gong til 2–3 etter mål signert Edvin Austbø. På ti minutt i starten av den andre omgangen vart det putta fire mål.
Men festen var lang frå over.
Viking pressa på for utlikning i sluttminutta, og fire minutt på overtid satt den for Herman Haugen som utlikna, før Martin Ove Roseth snudde det heile til 4–3 sju minutt på overtid. Men før dommaren rakk å blåse i fløyta utlikna gjestane frå Tromsø til 4–4 og sørga for poengdeling i Stavanger og hattrick for Vegard Erlien.
Viking har hatt ein god start på sesongen med tre sigrar og eit tap før kveldens oppgjer.