Estisk luftrom skal ha blitt krenka av russiske kampfly

– Nato reagerte umiddelbart og avskar dei russiske flya. Dette er nok eit døme på uansvarleg russisk åtferd og på Natos evne til å svare. Det seier ein talsperson for Natos etter at tre russiske jagarfly flaug inn i estisk luftrom utan løyve og blei verande der i 12 minutt, melder Reuters. – Ein ekstremt farleg provokasjon, skriv EUs utanrikssjef Kaja Kallas på X. Dette er andre gong på kort tid russiske fly krenker estisk luftrom. Estlands forsvarsminister Hanno Pevkur kallar hendinga for «utan sidestykke brutalt», ifølgje nyheitsbyrået AFP. – Dette er tydelege bevis på aukande russisk aggresjon. Slike handlingar kan ikkje tolererast og må bli møtt med raskt politisk og økonomisk press, seier Pevkur i ei fråsegn til Reuters. Førre veke skaut Polen ned fleire russiske droner som hadde krenkt polsk luftrom under eit stort angrep mot Ukraina.

Sep 19, 2025 - 19:00
 0