E24: Regjeringa føreslår klimamål som bryt Parisavtalen

Regjeringa ber om innspel til kor ambisiøst klimamålet bør vere i den nye politikken. Dei har lagt fram eit forslag om å redusere utsleppa i Noreg med mellom 55 og 80 prosent innan 2035, samanlikna med nivåa frå 1990. Tidlegare har Noreg forplikta seg til å kutte 55 prosent innan 2030. Regjeringa skriv mellom anna at «Ambisjonsnivået i den nedste delen av spennet vil ikkje vere i tråd med føringar og krav i Parisavtalen og klimalova». Dersom Noreg ikkje aukar målet, vil det bryte med Parisavtalen. – Kva i all verda er det dei tenkjer på? spør Lars Haltbrekken, energipolitisk talsperson for SV, til E24.

Oct 28, 2024 - 22:00
 0