Dobbelt norsk i Seefeld

Jens Lurås Oftebro gjekk til topps i kombinertrennet i Seefeld laurdag, etter spurtduell mot lagkamerat Jarl Magnus Riiber. – Å vinne i Seefeld betyr alltid mykje, så eg er veldig nøgd, sa Lurås Oftebro til FIS etter rennet. Vinzenz Geiger frå Tyskland tok tredjeplassen. Laurdagens langrenn var på 7,5 kilometer. Konkurransen gjekk etter det såkalla kompakt-prinsippet, altså at løparane gjekk ut med seks sekunds mellomrom – etter plassering (og ikkje poeng) i hopprennet. Jarl Magnus Riiber hoppa desidert lengst, men gjekk dermed berre ut seks sekund framfor nestemann. Riiber vann fredagens renn, som var det første i den såkalla Seefeld-trippelen, som blir avslutta søndag. Det skjedde same veke som Riiber annonserte at han legg opp etter sesongen – grunna diverse helseutfordringar. Jens Lurås Oftebro låg på femteplass etter hopprennet.

Feb 1, 2025 - 17:30
 0