Alvorleg ATV-ulykke i Time
Naudetatane er på veg til ei ulykke med ein firhjuling i Time. Det verkar som ei alvorleg ulykke, melder operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen. Klokka 20.50 melder politiet at to personar verkar å vere hardt skadde. Dei blir behandla av helsepersonell. Luftambulansen er på veg. Kriminalteknikarar er kalla ut for å hjelpe til med undersøkingar på åstaden. Dei to skadde er frakta til Stavanger universitetssjukehus, og skadeomfanget er ukjend.
