Alpinstjerna blei verdsmeister i vinter – legg opp
Austerrikske Stephanie Venier, som vann VM-gull i super-G i februar, avsluttar karrieren. «Eg lo, eg gret, eg kjempa, eg tvilte. Eg har falle – men reist meg opp kvar gong», skriv 31-åringen på Instagram. I eit utsegn publisert av det austerrikske skiforbundet seier Venier at «vilja ikkje er der» lenger. Venier tok også bronse i lagkonkurransen under VM i februar i år. Men har også eit VM-sølv i utfor frå 2017. (NTB)
