USA gir milliardar i omstridt våpenstøtte til Ukraina

5 months ago 40


Laurdag stemte Representantane hus i den amerikanske kongressen over den enorme summen til våpenbevillingar.

Støttepakken er på til saman 95 milliardar dollar. Det er nesten tolv gong meir enn Noregs forsvarsbudsjett.

61 av milliardane er til Ukraina, medan Taiwan får 9 milliardar dollar i støtte.

Neste punkt på agendaen i kongressen er om Israel skal få 26 milliardar dollar i våpenstøtte.

– Held terroristar og tyrannar i sjakk

Volodymyr Zelenskyj har trygla omverda etter meir våpenstøtte.

Russland har vore offensive den siste tida, og råka viktig infrastruktur i Ukraina.

– Nivået på dei utanlandske støttetiltaka er for tida veldig avgrensa, har presidenten tidlegare sagt.

Mike Johnson

Mike Johnson er speaker i representantanes hus.

Republikanske House speaker Mike Johnson var avhengig av demokratisk støtte denne veka for å få gjennom forslaga.

– Det einaste som held terroristar og tyrannar i sjakk er bilde av eit sterkt Amerika, og det at vi står sterkt saman, sa Johnson før avstemminga.

Og det meiner han å vedta denne støttepakka bidrar til.

Har teke tid

USA har vore ein viktig støttespelar for Ukraina. Men støttepakken har teke tid.

Det var republikanarane som sat på bakbeina og ikkje ville gi meir støtte til det krigsherja landet.

Allereie før jul godkjente senatet milliardpakken, men han stoppa opp hjå republikanarane i kongressen.

Eit uvanleg samarbeid mellom demokratar og republikanarar kan laurdag sikre våpenstøttepakken til Ukraina.

– Ei skjebnetid for heile Europa

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) var på besøk i Kyiv denne veka.

Då opplevde han at Zelenskyj var bekymra for russiske framstøyt ved fronten den siste veka.

– Russland presser voldsomt på den lange frontlinja, med stor vilje for å oppleve eigne tap, seier Eide til NRK.

Han seier at Nato og EU må trappe opp støtta for å gi Ukraina tilbake overtaket, og omtalar dei neste vekene som ei skjebnetid for Ukraina.

Espen Barth Eide

Foto: Christian Breiteg

– Også for heile Europa. Det vil ikkje stoppe med Ukraina dersom Putin får vilja si. Han vil halde fram vidare vestover.

Spesielt er nærliggande land utanfor Nato i faresona.

– Vi ser ei opptrapping i russisk påverknad og fake news. Særleg mot land med skjøre og sårbare demokrati, seier utanriksministeren.

Nato

Fredag avgjorde Nato-landa at dei vil gi fleire luftvernsystem til Ukraina.

– Landa som ikkje har luftvernsystem har lova økonomisk støtte for å kjøpe dei til Ukraina, sa Stoltenberg til Reuters.

Tidlegare i år kom nyheita om at Noreg vil kjøpe luftvern til Ukraina for ytterlegare 3,5 milliardar.

Publisert 20.04.2024, kl. 19.47 Oppdatert 20.04.2024, kl. 19.47

Read Entire Article