UD: Auka fare for iransk angrep mot Israel

5 months ago 34


I ei oppdatert melding skriv Utanriksdepartementet at det kan vere auka risiko for eit iransk angrep mot Israel dei kommande dagane.

UD viser til informasjon frå det amerikanske utanriksdepartementet som er referert i israelske medium.

Sidan Hamas sitt angrep på Israel 7. oktober i fjor har UD sitt råd til norske borgarar vore at dei ikkje bør reise til Israel med mindre det er strengt nødvendig.

– Angrepet på Israel frå Hamas i Gaza 7. oktober 2023 har forverra tryggleiken i landet. Situasjonen i Israel er alvorleg og uføreseieleg, skriv UD.

Nødetatene jobber på stedet etter et luftangrep i Damaskus 1. april 2024.

Naudetatane jobbar i ruinane etter angrepet i Damaskus 1. april.

Foto: Omar Sanadiki / AP

USA: – Reell trussel

– Eit mogeleg iransk angrep er ein reell trussel, seier talsperson for president Joe Biden sitt nasjonale tryggingsråd, John Kirby.

USA har bedt fire land i Midtausten om å snakke med Iran for å roe ned den spente situasjonen.

Utanriksministrane i Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata, Qatar og Irak er alle blitt kontakta av USA sin spesialutsending til Midtausten, Brett McGurk.

Bakgrunnen er at sju medlemmer i den iranske revolusjonsgarden blei drepne i eit angrep mot det iranske konsulatet i Damaskus i Syria 1. april.

Iran meiner Israel står bak angrepet. Den øvste leiaren i Iran, Ali Khamenei sa onsdag at Israel må og vil bli straffa for angrepet på det iranske konsulatet.

USA har av tryggingsomsyn avgrensa områda der diplomatane deira i Israel kan ferdast.

Israel vil svare direkte på eit angrep frå Iran, sa forsvarsminister Yoav Gallant torsdag, etter å ha snakka med den amerikanske kollegaen sin, Lloyd Austin.

 Israel sin forsvarsminister Yoav Galant i møte med USA sin forsvarsminister Lloyd Austin i Washington.

Den israelske forsvarsministeren, Yoav Gallant (til venstre) i eit tidlegare møte med USAs forsvarsminister Lloyd Austin (t.h.).

Foto: AP

UD: – Ver forsiktige!

I reiserådet skriv UD at tryggingsnivået er heva i Israel, først og fremst i områda nær Gazastripa, men også ved Golan på grensa mot Syria. UD ber folk vere forsiktige i grenseområda mot Egypt og Libanon.

Departementet oppfordrar også norske borgarar til å halde seg oppdaterte gjennom lokale medium, gjere eigne tryggingsvurderingar og følgje råd frå lokale styresmakter.

– Dersom demonstrasjonar og valdelege samanstøytar bryt ut, bør du forlate staden straks. Der det er avgrensa høve til å forlate området kan butikkar eller restaurantar brukast som mellombels tilfluktsstad, ifølgje UD sitt råd.

Publisert 12.04.2024, kl. 16.10 Oppdatert 12.04.2024, kl. 16.44

Read Entire Article