Tiltalt for å rane artist – meiner dei er brikker i andre sitt spel

5 months ago 33


Min jobb var å samle inn ein gjeng. Eg kjem ikkje til å seie noko om andre, berre meg sjølv.

Det sa 25-åringen i retten tysdag.

Politiet ser på han, svensken og ein 26-åring frå Austlandet som hovudpersonane bak ranet av artisten.

Dei tre planla, organiserte og gjennomførte ranet, meiner politiet. Totalt er seks unge menn tiltalt for medverknad til ran av artisten.

Eg veit ikkje kvifor politiet har tatt meg på tiltalebenken i denne saka, sa 26-åringen i retten.

26-åringen skaffa ein telefon brukt til å true artisten og fekk ein annan til å bidra med å kvitvaske delar av pengesummen.

– Eg berre vidaresende meldinga

25-åringen forklarte i retten at han fekk i oppgåve å krevje inn pengar.

Eg fekk beskjed om at nokon skulda pengar og så tok eg det derifrå, sa han tysdag.

Han fann namn og adressene til artisten og familien.

Så fekk han ein person til å skrive eit trusselbrev om å partere familien med mindre artisten betalte pengar.

«Du har til slutten av denne uka på å betale 1,5 millioner kroner før alle på lista får besøk. En etter en skal jeg partere familien din.»

Trusselbrev med trussler til trøndersk artist om å betle penger. Det ligger en pistol på brevet. Øverst står det "Se for dere hva som skjer når vi blir sure. Betal pengene og alle blir fornøyde."

I ettertid synest 20-åringen at innhaldet i trusselbrevet var «drygt».

Foto: politiet

Trusselbrevet sende han vidare til 19-åringen i Trondheim som er tiltalt for medverknad til grovt ran.

Politiet meiner å kunne bevise at 19-åringen både hadde kontakt med dei fire som kidnappa sonen og fleire av dei som medverka til ran av artisten.

Mi rolle er at eg har vidaresendt ei melding som igjen har blitt vidaresendt. Utover det vil eg ikkje kommentere på noko, seier 19-åringen.

Først erkjente ikkje 19-åringen straffskuld, men då han forklarte seg erkjenner han straffskuld for truslar.

Han sende innhaldet i brevet vidare til ein ven, 20-åringen som også er tiltalt for det same, som sende det vidare til artisten. I tillegg blei bilete av brevet sendt til 20-åringen, men det kom aldri fram til artisten.

Det var nokon som skulda han pengar. Personen hadde blokkert han og det var nokon som skulda han pengar. Han spurde om eg kunne hjelpe han å sende melding.

20-åringen forklarar i retten onsdag at han trudde det var snakk om ei narkotikagjeld på 8000 kroner.

Det var under russetida og eg hadde røykt mykje cannabis. Eg hadde ikkje tankane med meg og var veldig sløv, la 20-åringen til.

Tiltalte seier han ikkje fekk med seg kva som stod i meldinga og brevet fordi han hadde røykt mykje cannabis.

Eg var skuffa for at nokon som eg trudde var ein ven fekk meg til å sende meldinga.

Han fekk beskjed om å stadfeste at meldinga var sendt, men det vil ikkje 19-åringen kommentere.

Trudde pengane kom frå klokkesal

I løpet av mai månad i fjor blei artisten trua både på melding og via telefonsamtalar med svensken og 25-åringen.

Det førte til at artisten til slutt overførte 750.000 kroner til 25-åringen sin konto for å få slutt på truslane.

Om lag 200.000 brukte 25-åringen på shopping av merkeklede. Så fekk han hjelp av 26-åringen han sona saman med på den tida til å investere i bitcoin.

26-åringen kontakta ein ven med spørsmål om hjelp til å investere 300.000 i kryptovaluta for langtidsinvestering. Venen sit tiltalt for kvitvasking av desse pengane.

Eg visste ikkje om noko eller kvar pengane kom frå. Anna enn at dei kom frå eit klokkesal som eg tenkte var legitimt.

Han erkjenner ikkje straffskuld for å kvitvaske pengane, fordi han ikkje visste at pengane kom frå ei straffbar handling.

– Eg blei bekymra då eg blei pågripen av politiet, legg tiltalte til.

Han skulle få 3 prosent av summen som betaling for tenesta.

– Hadde eg fått tilbod om 50.000 hadde eg ikkje gjort det. då hadde det ringt ei bjølle.

Han er uskuldig. Han blei utnytta, sa 25-åringen om han som investerte pengane i retten.

Kven utnytta han, spurde aktor, Per Morten Schjetne, 25-åringen som svarte:

Det var meg.

Resten av pengane frå artisten blei fordelt mellom 25-åringen og svensken.

Koplar ranet til Foxtrot

Allereie i mai i fjor kopla politiet kidnappinga av sonen og ranet av artisten til det svenske kriminelle nettverket Foxtrot.

I to tidlegare politiavhøyr har svensken fortald at han blei trua av ein person frå eit veldig kjent nettverk.

Men i retten endra svensken forklaringa si.

– Det eg har sagt i avhøyr om truslar frå andre stemmer ikkje.

Aktor i saka, statsadvokat Per Morten Schjetne, las opp samandrag frå dei to avhøyra i retten fordi svensken ikkje ville forklare seg.

Då sa svensken at han var trua av ein person i eit nettverk med stort valdspotensial.

– Personen som trua han til å presse artisten er i Tyrkia og er ein barndomsvenn, las Schjetne.

Svensken og 25-åringen var også i kontakt med to av dei trønderske ungdommane som er dømt for å kidnappe sonen til artisten, natt til 9. mai i fjor.

Dei to skal vitne i retten torsdag. Saka går i Trøndelag tingrett frå 8. til 23. april.

Publisert 10.04.2024, kl. 13.42 Oppdatert 10.04.2024, kl. 13.49

Read Entire Article