Tankbil involvert i ulukke i tunnel på E16

5 months ago 48


9. april 2024 kl. 13:24

Ein tankbil og ein personbil har vore involvert i ei møteulukke i Trengereidtunnelen på E16 mellom Bergen og Vaksdal. Ulukka har skjedd nokre hundre meter inn i tunnelen, melder politiet.

To personar er involverte. Dei er vakne og medvitne, og ifølge politiet framstår dei som uskadd. Tankbilen er lasta med diesel, men det er ikkje meld om lekkasje.

Tunnelen er stengd. Brannvesenet og ambulanse er framme på staden.

Ifølge politiet er det dårleg dekning på mobiltelefon i tunnelen, og difor krevjande å få informasjon frå folk på staden. Det er uvisst kor lenge tunnelen blir stengd, og venta å bli store trafikale problem som følgje av ulukka.

Read Entire Article