Synne er på prestisjeliste: – Du blir litt audmjuk

5 months ago 46


Årleg kjem det amerikanske magasinet Forbes med ei liste med namn på menneske under 30 år som magasinet meiner bør følgast med på.

I 30 under 30 i Europa i kategorien produksjon og industri, står nå namnet til Synne Sauar (27) frå Sauherad i Telemark.

– Du blir litt audmjuk når ein kjem inn på ei sånn liste. Det er store namn som står der. Det er rett og slett kjempestas, seier Synne Sauar.

Synne Sauar

FEIRE: Synne Sauar seier ho skal feire plasseringa på Forbes liste til helga.

Foto: Litech

Ho starta bedrifta Litech saman med Ida Marie Pedersen i 2021.

Selskapet har utvikla ein metode for å oppdage og fjerne feilsorterte batteri, slik at gjenvinningsanlegg skal unngå brann.

Sensoren skal blir testa nå og blir produsert for sal neste år.

Tre nordmenn på lista

Også to andre nordmenn er på Forbes liste i andre kategoriar.

Ifølge nettavisa Shifter er Seb Haugeto på lista over finans i Europa. Ronald Griffin er utnemn på lista for media og marknadsføring

Sauar trur hennar namn på lista kan gi moglegheiter og at selskapet hennar blir lagt merke til.

– Det er jo eit anerkjent magasin. Du skal ikkje sjå bort frå at det opnar nokre dører. Vi vil jo ut i verda. Det er jo det som er ambisjonen vår.

Vakna til overrasking

Sauar fortel at ho har blitt nominert av venner og familie til magasinet. Deretter følgde mange spørsmål på eit skjema ho måtte svare på.

– Dei gjorde ein grundig bakgrunnssjekk før dei tok ei endeleg avgjerd. Det var ei utruleg fin overrasking, da eg vakna til den nyheita.

Sidan har ho fått mange gratulasjonar og mykje merksemd.

Ho og makker Ida Marie Pedersen blei i 2022 kåra av Dagens Næringsliv til leiestjerner under 30 år.

Meir merksemd gir vekst

Innovasjon Noreg synest det er flott at Synne Sauar står på Forbes liste. Det betyr at Sauar og bedrifta blir meir kjent.

Meir merksemd er viktig for vidare vekst, ifølge administrerande direktør Håkon Haugli i Innovasjon Noreg.

Synne er eit fantastisk eksempel på noko vi treng meir av i Noreg: Unge, ambisiøse gründerar som løyser samfunnsproblem. Sirkulærøkonomi er avgjerande for at Noreg skal lykkast med grøn vekst, seier Haugli.

Håkon Haugli, Innovasjon Norge

STOR BETYDNING: Administrerande direktør Håkon Haugli i Innovasjon Noreg seier det har stor verdi for bedrifta, gründeren og Noreg å stå på Forbes liste.

Foto: Arne Flatin

Innovasjon Noreg har nyleg støtta Litech med 4 millionar kroner gjennom miljøteknologiordninga.

Dessutan har dei deltatt på eit program Innovasjon Noreg har i Silicon Valley i USA.

Publisert 12.04.2024, kl. 10.12 Oppdatert 12.04.2024, kl. 10.18

Read Entire Article