Svenske knytt til Foxtrot pressa artist: – Jobbar du med oss blir det ikkje noko problem

5 months ago 45


– Viss du jobbar med oss vil det ikkje vere noko problem. Då vil alt vere over.

Det sa svensken til den trønderske artisten på telefon, dagar før artisten overførte pengar.

Svensken erkjenner delvis straffskuld.

Han er saman med fem andre tiltalt for grovt ran av ein trøndersk artist.

Politiet ser på den svenske mannen som ein av hovudmennene bak ranet og kidnapping av sonen til artisten natt til 9. mai i fjor.

Saka skal gå i Trøndelag tingrett frå 8. til 23. april.

– Han skulda 80.000 kr og nokre gram hasj

I etterkant av at sonen blei sloppen fri fekk artisten fleire truslar og krav om å betale 1,5 millionar kroner.

Artisten fekk beskjed om at det var ei narkotikagjeld sonen hadde. Men etter eigne undersøkingar fann han ut at summen ikkje stemte.

Eg har funnet ut kva den originale gjelda er, sa artisten i ein telefonsamtale med 25-åringen frå Austlandet 19. mai i fjor.

Politiet var saman med artisten og tok opp samtalen som blei spelt av i retten.

Det han skuldar er 80.000 kroner og nokre gram hasj. Me kan ikkje drive å betale på noko som ikkje har noko med oss å gjere, la artisten til.

Men det ville ikkje 25-åringen høyre på.

Eg er ikkje interessert i å sitte å diskutere med deg. Betal i dag, så i neste veke.

Det sa 25-åringen før han braut telefonsamtalen.

Dagen etter snakka artisten med Svensken på telefonen. Dei blei i løpet av desse samtalane einige med artisten om å redusere beløpet til 750.000 kroner.

– Viss du jobbar med oss vil det ikkje vere noko problem. Då vil alt vere over, sa svensken på engelsk.

Også denne samtalen var avlytta av politiet.

Du må love meg at eg er trygg i Trondheim, sa artisten.

Han ville forsikre seg om at pengane kom til rett person og at han og familien fekk vere i fred.

Eg sver til gud. Det skal ikkje skje noko med deg, la svensken til.

Koplar tiltalt til Foxtrot

Fire trønderske ungdommar er allereie dømt for å kidnappe sonen til artisten.

Politiet meiner at tre av dei seks mennene som no sit på tiltalebenken for ran av artisten var oppdragsgjevarane til dei lokale ungdommane.

 "Møt der produkt er klart til å bli plukket opp" og "Er du der? Hvor lenge 15-20 min?" fra en avsender. Mottaker svarer oversatt fra engelsk: "Okey jeg skal sende vennen min jeg skriver deg snart!"

Meldingar fann på telefonen til ein av dei trønderske ungdommane frå brukaren «Aloe Vera» på meldingstenesta Signal. Politiet meiner det er svensken som er bak brukarnamnet.

Foto: politiet

I tillegg meiner politiet at svensken kan knytast til det svenske kriminelle nettverket Foxtrot.

– Det er ingen av dei seks som er tiltalt for å ha tilknyting til Foxtrot-nettverket. Men det ligg opplysingar i saka som trekker i retning av at ein av dei tiltalte kan ha knytingar til nettverket.

Det sa statsadvokat og aktor, Per Morten Schjetne, i forkant av rettssaka.

bilete av ein logo merket "Team Fox", det er ein rev som holder et gevær.

Denne logoen merka «Team Fox» knyt politiet til svensken sin brukar på meldingstenesta Signal.

Foto: politiet

Trua med å partere artisten

I ein telefonsamtale kvelden etter at sonen hadde vore kidnappa fekk artisten beskjed om at familien kom til å bli partert dersom han ikkje gav dei pengar.

Den same trusselen blei formidla i eit trusselbrev, men brevet kom aldri fram til artisten.

Men han blei trua med partering fleire gonger.

– Dei kjem til å partere familien din.

Det sa 25-åringen som ramsa opp fleire av familiemedlemmane til artisten.

– Me har ganske mange namn på lista, la tiltalte til.

Etter at artisten sa han ville betale blei det hyggelegare tone i telefonsamtalane.

Han hadde fleire telefonsamtalar med både svensken og 25-åringen fram til han betalte heile beløpet på 750.000.

I telefonsamtalane ville artisten forsikre seg om at kontonummeret var rett og at truslane skulle ta slutt. Dei tiltalte verka utolmodige og ville ha pengane så snart som mogeleg.

Eg veit at du kan gjere det, eg veit at du kan gjere det, sa svensken.

Han snakka engelsk, medan 25-åringen snakka norsk. Artisten byta på engelsk og norsk etter kven av dei to tiltalte som styrte samtalen.

Det han prøver å seie er at ikkje gjere noko dumt. Basically, ikkje prøv deg på noko smart, la 25-åringen til.

Artisten fortalde at han jobba med å samle pengar frå vener og kjente.

Kan du garantere at når de får pengane er dette over?

Då svarte svensken at artisten hadde fram til fredag på å betale og at han var lei av å vente.

Eg vil at dette skal vere over, du vil at dette skal vere over. Eg har ikkje den forbanna energien lengre til å ringe frå eit anna land ... Eg har mykje greier, svara svensken.

Totalt betalte artisten 750.000 kroner til kontoen til 25-åringen i tre overføringar frå 23.–31. mai.

– Eg følte jo at eg ikkje hadde noko anna val, seier artisten i retten tysdag.

SMS sendt etter at trøndersk artist betalte 750.000 kroner til presoner i kriminelt nettverk.

Denne meldinga blei sendt mellom dei tiltalte etter at artisten hadde betalt 750.000 kroner og oppdraget blei sett på som utført.

Foto: politiet

Publisert 09.04.2024, kl. 09.58 Oppdatert 09.04.2024, kl. 10.12

Read Entire Article