Snøen kjem tilbake: – April er ein liten luremånad

5 months ago 41


«Kong Vinter» har sine siste krampetrekningar, før våren får sleppe til for alvor. Søndag og starten av neste veke blir kjøligare.

– April er ein liten luremånad. Det er ofte store kontraster. I går hadde vi over 19 grader i Lier, og så er vi tilbake til nattefrost, seier statsmeteorolog Ingvild Villa.

Det er kalde dagar i vente, og søndag kan deler av Nordvestlandet og Trøndelag vakne opp til kvit bakke.

Temperaturane er venta og synke, noko som gjer at det blir eit kortvarig opphald i vårstemninga.

– Det er venta snøbyer over 200 til 300 meter. Kring 5-30 centimetere, lokalt meir i fjellet, seier Villa.

Snøfallet kan gi vanskelege køyreforhold. I fjellet kan snøfokk gi redusert sikt og moglegheit for kolonnekøyring og stengde vegar.

Publisert 12.04.2024, kl. 12.22 Oppdatert 12.04.2024, kl. 12.29

Read Entire Article