Sjeldan demonstrasjon etter storflaum i Russland

5 months ago 47


– Putin, hjelp oss!

– Skam!

Slik laud ropa frå fleire hundre demonstrantar på måndag, ifølge det statlege nyheitsbyrået Tass.

Dei hadde samla seg framfor administrasjonsbygget i protest mot at 6000 menneske har blitt tvungne til å evakuere husa sine i Russland.

Årsaka er ein demningsbrest like ved byen, som har ført til store øydeleggingar i den sørlege regionen med grense til Kasakhstan.

-

Orsk ligg søraust for Uralfjella. Flaumtoppen her blei nådd tysdag, ifølge lokale styresmakter.

Foto: ANATOLIY ZHDANOV / AFP

Den siste dropen kom frå eit vårteikn: store mengder smeltevatn frå Uralfjella og Sibir, som overfløymde nokre av dei største vassdraga i Orenburg-regionen, der Orsk ligg.

Både Russland og nabolandet har erklært naudtilstand som følge av vassmengdene. Framleis stig vatnet fleire stader.

Den russiske regjeringa trur at skadane på deira side av grensa kjem til å koste rundt 2,3 milliardar kroner. Men konsekvensane langt større lenger sør.

Russia Floods

Fleire enn 6000 menneske er evakuerte. Her får ei eldre kvinne hjelp til å kome seg i tryggleik.

Foto: AP

Verste naturkatastrofe på meir enn 80 år

86.000 personar har blitt redda eller evakuerte frå heimane sine i Kasakhstan, ifølge lokale styresmakter.

Ti regionar i Kasakhstan er råka. President Kassym-Jomart Tokajev sa på laurdag at det var den verste naturkatastrofen dei har hatt på meir enn 80 år.

– Vi må ta til oss alle lærdommane frå desse store flaumane, sa han i den TV-sende talen.

Russia Floods

Sjølv om nabolandet også fortel om store øydeleggingar, har NRK berre tilgang på bileta av flaumen på russisk side av grensa.

Foto: AP

Demonstrasjonar er eit sjeldan syn i Russland, der kritikk mot styresmaktene har blitt slått hardt ned på etter invasjonen av Ukraina i 2022.

Men måndagens demonstrasjon i Orsk blei møtt med eit løfte.

Guvernøren i Orenburg-regionen seier dei skal betale 10.000 rublar i månadleg kompensasjon til alle dei evakuerte.

Beløpet svarar til omtrent 1100 norske kroner, og støtta skal vare i eit halvt år.

Russia Floods

Orsk har no nådd flaumtoppen, seier lokale styresmakter ifølge russiske medium. Dette er ein av kyrkjegardane i byen.

Foto: Anatoly Zhdanov / AP

Flaumvarsel i Orenburg by

I byen Orsk er flaumtoppen nådd og vassnivået på veg ned, skriv Tass tysdag ettermiddag og siterer ordførar Vasilij Kozupitsa.

Men byrået legger til at Orenburg by, som ligg 230 kilometer nordvest i luftlinje, kan bli overfløymd i løpet av det neste døgnet.

Det er mykje uvisse om kor mykje vatnet kan kome til å stige. Både Tass og Ria Novosti rekna at det vil bli 5 og 40 centimeter høgare i denne perioden.

Russia Floods

Vatnet i elvene Ural og Samara lenger vest er venta å stige med 5 til 40 centimeter, melder lokale styresmakter.

Foto: Anatoly Zhdanov / AP

I eit utsegn tysdag seier Kreml at president Vladimir Putin vil vere fokusert på å handtere konsekvensane av flaumen dei neste dagane. Men han har ingen planar om å besøke Orenburg i nær framtid.

– Dei vanskelege dagane er framleis framfor oss for regionane Kurgan og Tyumen, sa talsperson for Kreml, Dmitrij Peskov, ifølge Reuters.

– Det er masse vatn på veg.

Er du interessert i meir frå Utanriks? Høyr den nye podkasten frå redaksjonen her:

Publisert 09.04.2024, kl. 15.20 Oppdatert 09.04.2024, kl. 15.29

Read Entire Article