Person omkom etter å ha blitt påkøyrd av Bybanen

5 months ago 58


Personen blei påkøyrd av Bybanen og blei liggande under framre del av bana, melde politiet klokka 07.17 måndag morgon.

Då politiet melde om hendinga skreiv dei at personen var komen laus, og blei behandla av lege og ambulansepersonell på staden, men at skadeomfanget var ukjend.

Klokka 07.52 melde dei at personen var død som følge av skadane han blei påført.

Ulykka skjedde ved eit bybanestopp i Bergen sentrum. Mannen skal ha kollidert med bana på ein el-sparkesykkel.

Heile bybanelinje 1 har driftsstans som følge av ulykka, og denne vil vare utover, skriv Skyss på sine nettsider.

Nødetater på stedet etter at en syklist ble påkjørt av Bybanen

Foto: Cato Kristensen

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er varsla og på veg til staden, melder politiet like etter klokka 08.

Publisert 22.04.2024, kl. 08.13 Oppdatert 22.04.2024, kl. 08.19

Read Entire Article