Ny EØS-utgreiing går god for den europeiske kraftmarknaden

5 months ago 44


Klokka 11 overleverer Line Eldring, leiar for samfunnspolitisk avdeling i Fellesforbundet, den nye EØS-utgreiinga til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

EØS-avtalen gir Noreg tilgang til EUs indre marknad, i byte mot at Noreg godtar EUs lover og reglar på områda som avtalen omfattar.

Utgreiinga har vore Senterpartiets «påfunn». Partiet ønsker ein annan handelsavtale med EU, og har ønskt å vite meir om korleis Sveits, Storbritannia og Canada har handtert sin «lausare» samband til Brussel.

Statsminister Jonas Gahr Støre, som det siste året har åtvara mot ein ny og polariserande EU-debatt, har ikkje vist den same interessa for rapporten.

Det er likevel grunn til å tru at EU-tilhengaren vil gle seg over at «Eldring-utvalet» åtvarar mot å erstatte EØS-avtalen med ein avtale etter britisk eller sveitsisk modell.

Etter vår vurdering gir EØS eit breiare, djupare og meir føreseieleg samarbeid, som samla sett varetar fleire interesser og behov, heiter det i rapporten.

Utvalet viser også til at Brussel har signalisert at EU ikkje ønsker særløysingar for land som står utanom unionen.

Alt i mars skreiv Energi og Klima at regjeringa truleg vil legge innstillinga frå EØS-utvalet rett i skuffa.

– Dette kan vanskeleg tolkast på annan måte enn at EØS-debatten er død. Det er ei utvikling vi ønsker velkomen, skriv Europabevegelsen i ei pressemelding.

Sjå fleire oppfordringar frå utvalet under.

Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum

Utgreiinga har vore Senterpartiets «påfunn». Statsminister Jonas Gahr Støre har ikkje vist den same interessa for rapporten.

Foto: NTB

EU vil vurdere nødvendige steg

Vidare slår utgreiinga fast at Noreg er godt tent med å vere ein del av eit fritt og ope europeisk kraftmarknad.

Eit fleirtal i utvalet (men ikkje alle) meiner at Noreg bør føre vidare klimasamarbeidet med EU fram mot 2050, og at vi bør gjere noko med etterslepet som gjer at Noreg «ligg to rundar bak» det europeiske energiregelverket.

I eit brev til energiminister Terje Aasland (Ap), datert 13. mars, skriv EUs energikommissær Kadri Simson at Noreg må innføre Fornybardirektivet seinast innan fem månader.

Dersom dette ikkje skjer, vil EU «vurdere nødvendige steg», heiter det i brevet, som først blei omtalt av nyheitsnettstaden Montel News.

NRK har tidlegare skrive at europeiske lover hopar seg opp på norskegrensa, og at presset på å harmonisere lovverket aukar.

Utvalsleiar Line Eldring har tidlegare sagt til NTB at ho vart overraska over nokre av funna.

– Kva har overraska deg mest?

– Det må vere erkjenninga av kor store endringar det har vore i EU det siste tiåret. Og kor djupt integrert Noreg er i den europeiske unionen – utan å vere medlem. Eg er overraska over den store breidda i samarbeidet.

Treng vi ein ny EU-debatt? Anne Beathe Tvinnereim (Sp), Marie Sneve Martinussen (R), Guri Melby (V) og Arild Hermstad (MDG) diskuterer.

Seks av ti nordmenn sluttar opp om EØS-avtalen

Torsdag morgon viser ei ny måling som Ipsos har gjort for NHO at det er stor oppslutning om EØS-avtalen

Meir enn seks av ti nordmenn – 63 prosent – sluttar opp om EØS-avtalen.

EØS-oppslutninga er den største som er målt sidan april i fjor. 37 prosent er heilt einige i at Noreg framleis bør delta i EØS-samarbeidet, mens 26 prosent er delvis einige.

17 prosent er heilt eller delvis einig i at Noreg bør ut av EØS. Like mange har ikkje har tatt stilling til saka.

NHO-direktør Ole Erik Almlid meiner undersøkinga viser at alt snakk om alternativ til EØS-avtalen er eit feilspor.

– EØS-avtalen betyr føreseielegheit og moglegheiter for norske bedrifter, noko som igjen sikrar arbeidsplassar og verdiskaping i bygd og by, seier han til NTB.

Publisert 11.04.2024, kl. 10.42

Read Entire Article