Noregs nye stjerne vekker oppsikt: – Ser aldri fotball

5 months ago 50


Noregs EM-kvalifisering starta med ei vakker og iskald skåring mot Finland frå Tottenham-spelar Celine Bizet Ildhusøy.

22-åringen har også fått stor merksemd for eitt av sesongens vakraste mål i England.

Men det er ikkje «nerding» av fotball framfor TV-skjermen som har gjort henne god.

Snarare tvert imot.

– Eg ser aldri fotball, eigentleg.

– Kvifor ikkje?

– Eg veit ikkje kvifor. Det berre har liksom ikkje gitt meg... Kanskje eg synest det er nok med å spele, seier Ildhusøy.

 Norge - Finland

FEIRING: Celine Bizet Ildhusøy feirar 1-0-scoringa mot Finland i EM-kvalifiseringa.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Utradisjonelt å seie så tydeleg

Så når Erling Braut Haaland pøser inn mål for Manchester City eller Caroline Graham Hansen briljerer for Barcelona sit ikkje Ildhusøy benka framfor skjermen.

Lagvenninne Cecilie Fiskerstrand trur Ildhusøy høyrer til fåtalet av toppfotballspelarar som ikkje interesserer seg for å sjå kampar.

– Ja, det trur eg, og i alle fall er det kanskje utradisjonelt å seie det så tydeleg, seier ho til NRK.

Landslagssjef Hege Riise presenterer troppen til sommerens VM

– UTRADISJONELT: Cecilie Fiskerstrand trur Ildhusøy høyrer til fåtalet.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Nokon spelarar vil sjå kvar einaste kamp. Andre vil ikkje sjå på fotball, men berre spele. Celin er veldig fokusert på detaljane når vi spelar, så eg kan forstå kvifor ho vil bruke fritida til å koble av. Det hjelp ho til å vere på sitt beste, seier landslagssjef Gemma Grainger.

Ildhusøy er i det minste ikkje aleine om å vekke oppsikt for manglande iver for å sjå TV-kampar.

– Eg ser eigentleg ikkje så mykje fotball, sa Gareth Bale til ESPN i 2018.

– Eg har aldri vore fanatisk etter å sjå kampar, sa Carlos Tevez til magasinet Clarin.

– Eg ser høgdepunkt, men liker ikkje å sjå 90 minutt, sa Ronaldinho til Ibai Llanos i 2021.

Italy Ryder Cup Golf

LITE INTERESSERT 1: Fotballstjerna Gareth Bale har uttala at han ikkje likar å sjå fotballkampar.

Foto: Alessandra Tarantino / AP
Ronaldinho

LITE INTERESSERT 2: Ronaldinho sit truleg ikkje benka framfor skjermen når Noreg møter Nederland tysdag kveld.

Carlos Tevez

LITE INTERESSERT 3: – Eg har aldri vore fanatisk etter å sjå kampar, sa Carlos Tevez.

Foto: ANDREW YATES / AFP

– Må ikke elske fotball

NRKs fotballekspert Carl Erik Torp ser et mønster i trioen Bale, Tevez og Ronaldinho - og ser Ildhusøy som en lignende type. Det er artister som gjør ting på egen måte, med en friere innstilling til fotballivet.

Han har selv spilt med gode spillere, men som ikke nødvendigvis brukte fritiden foran skjermen. Torp mener imidlertid at det kan være en fordel å følge med på annen fotball enn den man spiller selv.

Jeg tror på generelt grunnlag at det å ha en dyp interesse for fotball utenfor egen aktivitet, er med å gi bedre innsikt og forståelse. Ser man fotball, forstå man mer fotball. Men det handler ut om å være best ut i fra egne fotutsentninger. Så for noen kan det være lurt å ta et steg tilbake, sier han.

Carl Erik Torp, NRK-ekspert

EKSPERT: Carl Erik Torp.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Torp tenker at kapteiner, spillere som «er hjernen i laget», og de med ambisjoner om en jobb i fotballen etter endt spillerkarriere, mer naturlig har interesse for fotball også på fritiden.

– Det er ikke nødvendigvis slik at man må elske fotball for å spille fotball, sier eksperten.

Slåsting og raske bilar

Der fleire store fotballstjerner seier at dei heller koplar av med å sjå golf enn fotball, koplar Ildhusøy av med å sjå TV-seriar og filmar.

– Eg har andre ting å sjå på.

– Kva andre ting?

– Netflix. Alt mogleg rart, seier Ildhusøy og bekreftar at ho liker action, slåsting og raske bilar.

Ho trur ikkje det medfølger store ulemper å ikkje sjå potensielle motstandarar spele fotball.

– Eg bryr meg ikkje så mykje om kven eg speler mot, eigentleg. Eg tenker aldri på om ein spelar er sånn eller sånn. Eg må berre gi mitt beste uansett. Og prøver å ikkje sette meg så mykje inn i motstandaren, eigentleg.

Ho understrekar at drivkrafta for å spele fotball og vinne kampar er svært høg.

– Eg vil vinne alt. Og eg tenker litt sånn at «Det eg trur på, det skjer», seier Ildhusøy.

Men ho vil ikkje seie om ho har fått ekstra trua på at Noreg kan slå gruppefavoritt Nederland etter at Nederland tapte for Italia i første EM-kvalifiseringskamp.

– Eg trur ikkje det har så mykje å seie kven som taper eller vinn mot kvarandre. Nederland blir tøft uansett, seier Ildhusøy.

 Norge - Finland

GOD START: Landslaget opna med siger over Finland i EM-kvalifiseringa.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Publisert 09.04.2024, kl. 11.14

Read Entire Article