No kjem hoggormen fram: – Ingen grunn til å vere engsteleg

5 months ago 37


– Rundt påsketider er det ein del som blir overraska over hoggorm i skisporet, seier zoolog Petter Bøckman.

Han kan det meste som er verdt å vite om Nord-Europas einaste giftslange.

Kanskje syns du hoggormen er litt skummel, og lurar på om han faktisk er farleg? Kva skal ein gjere viss ein møter på hoggorm? Og finst faktisk ormebol?

ORM

Hoggormar er vekselvarme, så dei ligg gjerne på steinar eller andre stader i sola for å varme opp kroppen sin.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kjem fram på våren

Det siste først: ja, ormebol finst!

Hoggormen har ikkje pels, og den har ikkje moglegheit til å halde seg aktiv om vinteren. Då klumpar alle hoggormane seg saman djupt under bakken eller i steinrøyser for å halde varmen.

Men så snart snøen går kjem dei fram att.

– Då er nokre kjappare på avtrekkaren enn andre. Det er typisk hannane som står for den trafikken, fortel zoologen.

Petter Bøckman

Zoolog Petter Bøckman har vore mykje ute i skog og mark, men berre sett hoggorm ein handfull gonger. – Så nyt synet viss du er så heldig, seier han.

Foto: Berit Roald / NTB

Du finn ofte hoggormen i sørvende lier eller i steinrøyser, der dei ligg og solar seg.

Elles er det mykje hoggorm der det er mykje mat, og han er spesielt glad i mus.

– Hoggorm er strengt tatt ein katt, berre kulare! Nyt synet, dei er utruleg fine dyr.

Kva syns du om hoggormen?

Landets einaste giftslange

Hoggormen er ein av tre artar i Noreg, og den einaste som er giftig.

Sjølv om den ikkje er aggressiv, rår Bøckman deg derfor til å ikkje stikke fingeren borti.

– Den har ikkje nokon spesiell grunn til å gå laus på deg, med mindre du herjar med den. Du veg nokre hundre gongar meir enn den, uansett kor slank du er, så den kan ikkje ete deg for eksempel.

Hoggorm

Viss du finn ein hoggorm i hagen eller ein annan stad den helst ikkje skal vere, kan du ta ein kost eller ein spade og dytte den i ei pappeske. Så lempar du den ut i skogen, er rådet frå Bøckmann.

Foto: Magne Holthe

Slangen er avhengig av å ete det den kan svelge i ein jafs. Det betyr at dyr som er større ein ei middels stor mus, får ikkje hoggormen i seg.

Men du kan bli biten likevel.

Når slangen bit vil han bruke så lite gift som mogleg, og nokre gongar er det berre tørrbit.

Hoggormen har heller ikkje veldig lange tenner, så dei går ikkje djupt i huda, og held du deg roleg vil gifta stort sett halde seg der den er.

– Men viss du spring rundt og blodpumpa går, pumpes gifta rundt i kroppen, seier Bøckman.

– Kan ein døy av hoggormbit?

– Da skal du jobbe litt.

Og er du allergisk mot veps bør du passe ekstra på. Då er du sannsynlegvis også allergisk mot hoggorm, fordi gifta i dei to dyra er ganske lik.

Kan vere farleg for Fido

– Hunder er ubereknelege, og også forferdeleg teite. Dei stikk nesa bort i alt dei ikkje skal, og når det kjem eit svært dyr bort slik blir hoggormen redd og bit, seier Bøckman.

Sasja Rygg, veterinær og kommunikasjonsansvarleg i Anicura, seier det slett ikkje uvanleg at hundar kjem til veterinæren med hoggormbit.

Sasja Rygg og hunden Munter.

Veterinær Sasja Rygg råder til å ringe veterinær så snart som mogleg om hunden blir biten.

Foto: AniCura

I verste fall kan det vere dødeleg.

– Men dei fleste får ein smertefull hevelse som må behandlast. Så varierer det kor stor hevelsen er, kor vondt dei får og kor alvorleg det er.

Det kjem blant anna an på kor stor hunden er, kor mykje gift den har fått i seg og kor han er biten.

Ho råder derfor folk til å ha hunden nær seg når ein går tur der det kan vere hoggorm.

hoggorm

Hoggormen kan ikkje høyre, men merkar vibrasjonar i bakken. Derfor hjelper det ikkje å rope eller synge for å skremme den bort.

Foto: Geir Evensen / NRK

For å hindre at gifta spreier seg er det lurt å bere hunden om du kan. Har du stor hund anbefaler ho roleg gonge.

Og dei fleste går det bra med, fortel Rygg.

– Eg ville ikkje vore så redd. Det er ikkje slik at det skjer med annankvar hund, eller på annankvar tur du går.

Publisert 09.04.2024, kl. 18.36

Read Entire Article