Nærmar seg opning av Randklev bru

5 months ago 35


– Å opne opp sambandet over Gudbrandsdalslågen har hatt høgste prioritet for oss, seier Thor Gjermund Eriksen, konsernsjef i Bane Nor.

I slutten av mai opnar jernbanebrua Randklev bru over Gudbrandsdalslågen igjen etter å ha vore stengt sidan august i fjor.

Brua fekk store skader under ekstremvêret «Hans». Den store vassføringa i elva førte til at eit av brufundamenta velta, og deler av brua hamna i elva.

Sidan har togselskapa køyrd buss for tog på deler av strekninga. Eriksen gler seg over at dei no snart kan opne Dovrebanen som normalt igjen.

– Dovrebanen er ei svært viktig strekning, og det har vore ei krevjande tid for både passasjerane og togselskapa, seier han.

Viktig for godstrafikken

Dovrebanen er viktig for godstrafikken, og kvart år går fleire tusen godstog på jernbanestrekninga som bind Austlandet og midt-Noreg saman.

Då jernbanebrua på Ringebu kollapsa, auka godstrafikken på Rørosbanen. På grunn av avgrensa kapasitet på Rørosbanen, måtte likevel ein del av godset som vanlegvis går med tog, bli frakta på vegane med lastebilar.

– Det er kritisk viktig for samfunnet at Dovrebanen er open slik at store volum med mat og andre nødvendige varar kan bli frakta klimavenleg og trafikksikkert med tog mellom Austlandet og Midt-Noreg, og vidare til Nord-Noreg, seier Eriksen.

Tilbake til normalen

Administrerande direktør i SJ Noreg, Rikke Lind, gler seg over at toga snart kan køyre som normalt på heile Dovrebanen.

– Det er gledeleg at brua no er reparert raskare enn førespegla. Dette har vore ei tøff tid for alle som reiser med toget, seier ho.

Frå slutten av mai vil det vere seks togavgangar om dagen, kvar veg. Frå 22. mai køyrer også nattoga på Dovrebanen.

Opninga av Randklev bru betyr at kundane på Rørosbanen får tilbake sin seks daglege avgangar kvar veg. Persontrafikken på Rørosbanen har måtte vike på grunn av godstrafikken.

– Kundane på Rørosbanen har hatt ei stor belastning med berre to daglege avgangar og mykje buss for tog, seier Lind.

Meir robust enn før

Det har blitt jobba med å bygge opp igjen jernbanebrua sidan brua kollapsa i august.

Bruelementa vart reparert på land og skal bli heisa tilbake igjen. Skadeomfanget på dei var avgrensa.

I tillegg er det no bygd eit nytt fundament. Dette har ei større grunnflate og er betre sikra mot erosjon og undergraving, og skal tole meir ekstremvêr, ifølgje Bane Nor.

Publisert 12.04.2024, kl. 08.51 Oppdatert 12.04.2024, kl. 09.24

Read Entire Article