– Det var sjølvsagt ubehageleg fordi det er eit ope arrangement og du veit ikkje kven som dukkar opp. Så du står jo på scenen med ein klump i halsen. Men det gjekk veldig fint, og alle i salen var fantastiske.
Tinashe Williamson var invitert til Ålesund torsdag for å snakke om rasisme og antirasisme. Ålesund kommune annonserte på førehand foredraget på Facebooksida si. Her blei kommentarfeltet raskt fylt opp med sterke ytringar.
Kommunen måtte stenge kommentarfeltet. Og Tinashe Williamson måtte ha vakthald under foredraget på biblioteket i Ålesund. Det var managementet hennar som meinte det var best at Securitas var til stades, skriv Sunnmørsposten som omtalte saka først.
– Det er jo ironisk at dei stadfestar bodskapen min på denne måten når eg kjem for å snakke om rasisme og antirasisme.
Mange hadde møtt opp for å høyre på Tinashe Williamson som er forfattar, skodespelar og modell. Familien hennar flytta frå Egypt til Noreg då ho var to månader gamal. Ho vaks opp med mykje rasisme i kvardagen.
Det var ikkje før ho som 24-åring blei gravid, at ho bestemte seg for å ta opp kampen. Nok var nok. Ho orka ikkje tanken på at borna hennar skulle vokse opp med rasismen.
– Veldig, veldig opprørande
For dei som hadde møtt opp for å høyre på foredraget blei det ei sterk oppleving. Marthe Tafjord Jansen jobbar i Sparebank 1 SMN som støtta arrangementet økonomisk. Ho hadde møtt opp for å høyre på bodskapen til Tinashe Williamson.
Dagen etter foredraget er Marthe Tafjord Jansen framleis sterkt prega av det som hende.
– Eg synest det var veldig, veldig opprørande. Det trefte meg midt i magen. At kommunen måtte stenge ned på grunn av kommentarane. At ho måtte ha vakthald fordi ho kjente seg utsett. Eg trudde vi var kome lenger i 2024.
Hadde ikkje kapasitet
Kommunikasjonssjefen i Ålesund kommune, Christine Rørvik, seier at kommentarane som kom inn på Facebooksida til kommunen ikkje var trugsmål som var retta mot Tinashe Williamson eller foredraget som ho skulle halde.
Men det kom mange sterke ytringar der nokre hadde rasistisk innhald. Og debatten eskalerte der mange fortalde om eigne opplevingar. For kommunen var det ikkje lenger mogleg å moderere innlegga.
– Vi hadde ikkje kapasitet til det så vi valde å stengje ned kommentarfeltet.
Roser kommunen
Hatem Ben Mansour er dagleg leiar for Antirasistisk Senter. Han meiner det er bra at Ålesund kommune valde å stenge ned kommentarfeltet.
– Det er skuffande at det blei slike kommentarar. Samtidig synest eg det er bra at kommunen tek ansvar og stengte ned kommentarfeltet. Heller det enn å la det stå. Det kan vere vanskeleg å moderere slike kommentarfelt og då er det fint at dei tok ansvar.
Mansour fortel at dei ofte opplever å få rasistiske kommentarar på sine arrangement i sosiale medium. Han trur at ein del av problemet er at mange skriv ting dei elles aldri hadde sagt til nokon.
Men Tinashe Williamson har ikkje tenkt å la seg kue etter det som skjedde i Ålesund torsdag. Ho meiner det er viktig å fram bodskapen. Difor vil ho ikkje teie om det ho har på hjartet.
– Eg skal stå på ei scene igjen veldig snart. Dette er sjølvsagt ubehageleg, men eg gir meg ikkje. Eg lar meg ikkje skremme.
Publisert 12.04.2024, kl. 14.56