Mann tiltalt for medverknad til sjølvmord

5 months ago 42


Ein nordmann i 50-åra er tiltalt for å ha hjelpt ei kvinne å ta sitt eige liv på eit hotellrom i Strömstad i Sverige i juni i fjor.

Ifølge tiltalen skal mannen ha møtt kvinna i ein by i Østfold før dei reiste vidare til eit hotell i Strömstad. På hotellrommet blei kvinna støtta og rettleia i sjølvmordet av mannen.

Éin månad etter sjølvmordet blei 50-åringen varetektsfengsla og sikta i saka.

VG omtalte tiltalen først.

Nektar straffskuld

Den avdøde kvinna tok ifølge tiltalen ei stor mengde tablettar og alkohol. Tablettane fekk ho av den tiltalte mannen i forkant.

Mannen kom til hotellrommet 15 minutt etter at kvinna inntok dei første tablettane. Han blei verande til stades til ho mista bevisstheita og ikkje lenger hadde livsteikn.

Advokat Gaute Nilsen representerer den tiltalte, og seier mannen erkjenner dei faktiske forholda, men nektar straffskuld.

Ukjend relasjon

– Vi får klargjere dette nærare i hovudforhandlinga. Klienten min ønsker ikkje å ha noko førehandsprosedyre i samband med saka, så det får vi komme tilbake til når saka skal opp, seier Nilsen.

Nilsen ønsker heller ikkje å seie om det har vore ein relasjon mellom klienten hans og kvinna.

Strafferamma for medverknad til sjølvmord er frå 8 til 21 års fengsel. Rettssaka skal opp i Søndre Østfold tingrett i Halden 27. og 28. juni i år.

Helge Karlbom er bistandsadvokaten til den avdøde kvinna. Han ønsker ikkje kommentere saka.

Publisert 12.04.2024, kl. 09.08

Read Entire Article