Krev fortgang i arbeidet med å få samtykkelov: – Den som teier, samtykker ikkje

5 months ago 43


– Det er ei gråsone i lova som må fjernast. Det er berre 'ja' som er 'ja', seier Ebba Gjerstad.

Ebba Gjerstad og Mia Green

Ebba Gjerstad og Mia Green var til stades på demonstrasjonen i Kristiansand torsdag.

Foto: Anna Rut Tørressen / NRK

Ho var ei av dei som demonstrerte for å vise støtte til valdtektsoffer i Kristiansand torsdag.

I Bergen møtte nærare 2000 personar opp til demonstrasjon. Det var også ein demonstrasjon i Harstad.

Utropa var klare: «Den som teier, samtykker ikkje».

Fleire hadde parolar om samtykkelov.

– Det synest eg er heilt fantastisk. Eg har kjempa for dette i mange år, seier influensar og samfunnsdebattant Frida Marie Grande.

Vil ha «ja betyr ja»

Demonstrasjonen som er planlagd i Oslo 18. april har Grande samarbeida med Amnesty om å arrangere. Grande tar også opp behovet for samtykkelov.

– Vi står i ein veldig kritisk fase av samtykkelovprosessen no. Justisministeren har moglegheit til å gi oss den lova vi treng, seier Grande til NRK.

Samtykkelov nå, står det på ein plakat under demonstrasjonen til støtte for valdtektsoffer i Bergen i april 2024.

Nesten 2000 demonstrerte torsdag i Bergen til støtte for alle valdtektsoffer.

Foto: AGNIESZKA IWANSKA / NRK

Engasjementet for å vise støtte til valdtektsoffer, og krav om ei samtykkelov, har tatt av etter at tre menn blei frikjende for gruppevaldtekt i Bergen førre veke.

Saka har fått mykje merksemd undervegs i retten, og ein professor i kriminologi meiner dette og avgjerda i saka kan skape frykt for å melde valdtekt til politiet.

Mehl: – Svært strenge beviskrav

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) seier ho ikkje kan kommentere ei konkret avgjerd i retten, men seier ho ser det er eit stort engasjement rundt temaet valdtekt.

Ho peikar på at Noreg er ein rettsstat og at ein må forhalde seg til at ein har uavhengige domstolar som dømmer etter svært strenge beviskrav.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) svarte på spørsmål om samtykkelov under demostrasjon på Eidsvolls plass i Oslo.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) seier det er bra at det er stort engasjement rundt valdtekt.

Foto: NRK

– Vi har strenge prinsipp i straffesaker. Samtidig skal vi gjere mykje på valdtektssida når det gjeld at vi til dømes skal legge fram ei ny samtykkelov, seier Mehl.

Debatten om samtykkelov har gått føre seg lenge. Valdtektsutvalet blei sett ned i 2023, og den 8. mars i år kom dei med ein rapport med kritikk til korleis myndigheitene i Noreg har handtert valdtektsproblematikken.

I fjor blei ei utgreiing frå Straffelovrådet om seksuallovbrot og forslag til ny samtykkelov sendt på høyring. Nå har departementet fått over 500 høyringssvar.

– Det er veldig mykje. Vi skal legge fram eit lovforslag for Stortinget og komme tilbake til detaljane då, seier Mehl.

Skeptisk til samtykkelov

Initiativtakarane til demonstrasjonen med tittelen «Vi trur deg» i Bergen, understrekar at dei demonstrerer for alle offer. Her har mellom anna kravet om å få på plass ei samtykkelov stått på plakaten.

Politisk redaktør Eirin Eikefjord i BT er skeptisk til kravet om samtykkelov.

– Eg er ei av dei som ikkje trur at det vil løyse nokon ting. I den saka vi nettopp har vore vitne til, vart spørsmålet om seksuell handling utan samtykke vurdert og avvist.

Det seier ho til NRK.

– Ei samtykkelov vil ikkje løyse noko, fordi dette ofte er spørsmål om ord mot ord, mangel på bevis, ting som skjer i lukka rom. Då er det eigentleg umogleg å etterprøve kva som har skjedd. Tvilen vil komme den tiltalte til gode viss ein ikkje kan slå fast heilt sikkert kva som eigentleg har skjedd.

Eikefjord meiner likevel problematikken er viktig.

– Det må diskuterast kva skal til for å handtere seksuelle krenkingar i samfunnet vårt, og korleis skal ein vareta dei som opplever seg utsett for det.

Frida Marie Grande

Influensar og samfunnsdebattant Frida Marie Grande meiner ein skal legge ansvaret på den som valdtek og ikkje den som blir utsett for valdtekt i utforminga av ei samtykkelov.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Må vite at partnaren har lyst

I samfunnsdebatten er det to perspektiv på korleis formuleringa på ei samtykkelov skal vere: at «ja betyr ja» og «nei betyr nei».

Grande seier det aller viktigaste med ei samtykkelov er presiseringa av kven som har ansvaret for at ei valdtekt ikkje skal skje. Ho meiner formuleringa i ei samtykkelov bør gå ut på at ein ha eit ansvar for å forsikre seg at partnaren har lyst.

– Ein er ikkje seksuelt tilgjengeleg fram til ein seier nei. Ein er seksuelt utilgjengeleg fram til ein samtykker og viser at ein er med på det, seier ho.

Krav om samtykkelov var ein viktig del av demonstrasjonen i Bergen 11. april 2024. På gule plakatar og parolar var bodskapet om dette klart.

Krav om samtykkelov var å sjå på fleire plakatar under demonstrasjonen i Bergen.

Foto: AGNIESZKA IWANSKA / NRK

Juridisk rådgiving for kvinner (JURK) har jobba for ei samtykkelov i fleire år. Dagleg leiar Petrine Iversen meiner justisministeren bør lytte til engasjementet ho ser i gatene rundt samtykkelov no.

– Det er langt på overtid å få på plass ei samtykkelov. Det har hasta i mange år, seier Iversen.

Publisert 12.04.2024, kl. 20.40

Read Entire Article