I videoen filmar passasjeren fartsmålaren like før bilen køyrer av vegen på Bømlo, sør i Vestland. Ein 18-åring er sikta for aktlaus køyring.
– Køyring i så høg fart som den aktuelle videoen viser, er sterkt kritikkverdig og skaper ein svært stor fare for dei involverte og utanforståande. I ytste konsekvens kan liv gå tapt. Personar som vel å køyra så fort, risikerer fengsel utan vilkår, seier etterforskingsleiar Kim Nedrehegg ved Stord politistasjon.
– Politiet ser alvorleg på at råkøyring blir brukt som underhaldning i sosiale medium, seier påtaleansvarleg Emma Michaela Moore ved Sørvest politidistrikt.
Politiet har sett fleire videoar
Ulukka skjedde ved avkøyrsla til Folderøyhamn på Bømlo seint laurdag kveld. Det var to personar i bilen, og dei kom frå ulukka utan store skadar.
Politiet har avhøyrt den 18 år gamle sjåføren. Førarkortet hans er beslaglagt, og han har status som sikta.
– Me ønskjer førebels ikkje å gå inn på kva han har forklart. Politiet har ikkje mistanke om at ulukka er forårsaka av ruspåverka køyring, men undersøkjer om bilen har hatt høg fart. Det er for tidleg å konkludera med hendingsforløp, ifølgje påtaleansvarleg Emma Michaela Moore.
Politiet har fått fleire videoar, som viser delar av hendinga.
– Noko av det politiet undersøkjer i denne saka, er om videoane er blitt delte i sosiale medium. På generelt grunnlag kan me seia at høg fart i trafikken kan få svært alvorlege konsekvensar, både for sjåføren og andre.
18-åringen har ikkje krav på offentleg oppnemnt forsvarar, og har heller ikkje engasjert forsvarar privat, opplyser politiet.
– Videoen har spreidd seg fort
NRK har fått to videoar tilsende av ein tipsar, som ønskjer å vera anonym.
Han seier at videoen av køyringa er delt i ei snapchat-gruppe som handlar om «bil og samling», og at videoen har spreidd seg ganske fort.
– Det er nokre få som har lagt ut videoar av køyring i høg fart tidlegare. Er som regel ei gruppe mellom 18 og 20 år som driv med dette, ifølgje tipsaren.
– Det øydelegg veldig masse for andre som er interesserte i bilar i området. Det skaper eit veldig dårleg rykte.
Meiner motivet kan vera å visa seg fram
Seksjonsleiar for etterforsking ved Stord politistasjon, Kim Nedrehegg, seier det har vore fleire trafikkulukker som kunne ha enda fatalt i det siste.
– Fleire av desse er forårsaka av høg fart.
Han presiserer at det ikkje har vore dødsulukker i området sidan 2019, men oppmodar særleg unge sjåførar om å ta eigne og kloke val i trafikken.
– Politiet er kjent med fleire saker der tilsvarande køyring er filma og delt. Det er kjent at dette føregår både nasjonalt og internasjonalt. Motivasjonen står fram å vera det å visa seg fram, ifølgje Nedrehegg.
– Ved å filma hendinga har dei dokumentasjon som kan brukast som skrytefaktor.
Publisert 10.04.2024, kl. 17.47