Kongelege hestar på villtur i London - fem personar skadd

5 months ago 32


24. april 2024 kl. 11:02

Fem personar er skadd etter at fleire hestar galloperte fritt i Londons gater onsdag føremiddag, melder The Telegraph.

Hestane skal vera ein del av kong Charles sin hustropp.

Videoar frå London viser to hestar galopperande gjennom Londons gater. Ein av hestane skal vera dekka av noko som kan sjå ut som blod eller raudmåling.

Ifølge The Telegraph skal hestane ha kasta ryttarane og begynt å løpa fritt. Ein soldat er blant dei skadde.

Ifølge Daily Mail skal det vera snakk om fem hestar. Ein av dei skal ha sprunge inn i ein «double decker»-buss, ein annan skal ha kollidert med ein drosje, skriv NTB.

Read Entire Article