Skodespelaren Gérard Depardieu er gripen og blir avhøyrt om skuldingar om seksuelle overgrep, melder nyheitsbyrået AFP og TV-kanalen BFMTV.
Depardieu har vore etterforska for liknande tilfelle tidlegare.
To kvinner har skulda han for seksuelle overgrep som skal ha skjedd under filminnspelingar. Den eine hendinga skal ha skjedd i 2014, medan den andre var i 2021.
Skodespelaren er 75 år, og er skulda for overgrep og trakassering av fleire kvinner. Han nektar sjølv for å ha gjort noko gale.