Får refs for spørsmålet til stjernespelaren: – Utruleg ekkelt

5 months ago 40


– Det som skjedde med Caitlin Clark i dag på hennar første pressekonferanse med Indiana Fever var utruleg ekkelt, skriv Katie Mox, CBS-programleiar og reporter, på X/Twitter.

Mox er berre ein av mange medieprofilar som reagerer sterkt etter pressekonferansen med Caitlin Clark onsdag.

– Han er ein sexistisk pervo, det beviste han i dag med den ekle åtferda si, skriv Dave Portnoy, grunnleggaren av Barstool Sports, på X til dei tre millionar følgarane sine.

22-åringen har vore dominerande i college-basketball og har blitt peika ut som framtida for kvinnebasketball. Etter å ha blitt draftet som nummeren ein, møtte Clark for første gong pressa som WNBA-spelar.

Den seansen har mildt sagt fått ein bitter ettersmak.

Det på grunn av ein reporter frå avisa Indianapolis Star som fekk høve til å stille eitt spørsmål til den nye Fever-spelaren.

Caitlin Clark presentert som Fever-spiller i WNBA

PRESENTERT: Caitlin Clark blei presentert som Fever-spelar.

Foto: AP

– Eg liker at du er her

Etter kampane pleier Clark å forme hendene sine som eit hjarte. Under ein pressekonferanse nyleg blei det eit tema.

– Raskt, la meg gjere dette, sa journalisten Gregg Doyel og etterlikna hjarte-gesten til basketstjerna.

Clark svarte:

– Liker du det?

– Eg liker at du er her, det liker eg, lydde det frå Doyel.

Clark forklarte vidare at ho gjer denne gesten etter kvar kamp, og at han er retta mot familien hennar. Da kom kommentaren frå Doyel som har ført til massiv merksemd på internett:

– Begynn å gjere det til meg, så skal vi nok komme godt overeins.

– Det var veldig upassande

Ulriken Eagles-spelar og landslagsspelar Aurora Sørbye blir neste sesong ein del av collegesirkuset sjølv når ho skal spele for Wake Forest-universitetet i Nord-Carolina.

Sørbye har fått med seg klippet frå pressekonferansen som har spreidd seg på sosiale medium.

– Det var veldig upassande. Reporteren heldt seg ikkje profesjonell og sat henne i ein ukomfortabel situasjon, seier Aurora Sørbye til NRK.

Aurora Sørbye

TIL USA: Ulrikken Eagles-spiller Aurora Sørbye skal til hausten spele for amerikanske Wake Forest-universitetet.

Foto: Camilla Hovig

Ho blei litt uvel sjølv, fortel ho.

– Ein ser heldigvis at folk reagerer og det er rett at han blir sett på plass slik som han gjer, fortset basketkometen.

I USA krevde fleire i basketmiljøet ei unnskyldning. Etter ei rekke reaksjonar, kom den omsider.

– Caitlin Clark, Eg beklagar. I dag var eg ein del av problemet. Etter å ha gått gjennom fornekting og sinne, innser eg nå kva eg sa og korleis eg sa det. Det var gale, gale, gale. Berre gale, skriv Gregg Doyle på X.

Han meiner at veremåten hans ofte gjer at han hamnar i ubehagelege situasjonar, men at det aldri er noko vondt meint. Beskjeden frå ein kvinneleg venn fekk han til å forstå at han hadde gått over streken denne gongen, skriv han vidare.

«Caitlin Clark er ei ung kvinne, og ein snakkar ikkje til ei ung kvinne på same måte som ein ung mann», lydde påminninga frå vennen.

– Hjartet mitt stoppet. Nå innsåg eg det, fortel Doyle.

Publisert 19.04.2024, kl. 09.26

Read Entire Article