Strekninga Halhjem - Sandvikvåg på E39 mellom Bjørnafjorden og Stord kan halda fram som miljøversting heilt fram til 2031, om Vegvesenet nyttar seg av opsjonen på forlenging av anbodet med reiarlaget.
Det nektar miljøstiftinga Bellona å akseptera.
– Vegvesenet er motoren i elektrifiseringa av fartøy i Noreg. Me er faktisk over halvvegs, og det skal dei ha skryt for. Men me kan ikkje slakka av no, seier seniorrådgjevar Sigurd Enge.
Fem ferjer i skytteltrafikk
108 gonger om dagen er det ein avgang med ferje på E39 mellom Halhjem og Sandvikvåg.
Strekninga er ei av to ferjestrekningar når du skal køyra mellom Bergen og Stavanger.
Turen tek 45 minutt.
Men turen gjev også store mengder klimagassutslepp.
Dei fem ferjene i det eine sambandet slepp nemleg ut ein tredel av alle klimagassar på norske riksvegsamband.
Dette trass i at dei berre er tredje størst i trafikk.
Til samanlikning står det største ferjesambandet, Moss-Horten, for berre 8,9 prosent av utsleppa.
Det syner statistikk frå Statens vegvesen for 2023.
Går på gass
Ferjene mellom Halhjem-Sandvikvåg vert hovudsakleg drivne med flytande naturgass (LNG), som var eit krav då reiarlaget Torghatten Nord tok over drifta på sambandet i 2019.
– Her nede er det reint og fint, seier maskinsjef Roger Lekven om bord i ferja M/F «Samnøy».
Lekven skjønnar at sambandet slepp ut klimagassar, sjølv om bruken av naturgass er med på å redusera utslepp av dei skadelege nitrogenoksidane, også kalla NOX.
– Dette er eitt av dei mest trafikkerte sambanda i Noreg. Det er fem ferjer i drift, ekstremt mykje trafikk, og to minutt til kai med lasting og lossing, seier Lekven.
Hydrogen gir mindre utslepp
Jan-Egil Wagnild, prosjekt- og teknologidirektør i Torghatten Nord, meiner det er fullt mogleg å gjera noko med utsleppa på sambandet.
– Me har vist at me har lukkast med elektrifisering i norsk ferjetransport. Me leverer på hydrogen over Vestfjorden. Teknologien er her, seier Wagnild.
– No handlar det om politisk vilje!
Reiarlaget har fått anbodet om drift av ferjene mellom Moskenes-Røst-Værøy-Bodø, som per i dag er det tredje mest klimafiendtlege sambandet i Noreg.
Dei nye ferjene skal her gå på hydrogen.
Men førebels er det uvisst kva tid det kjem ny teknologi på sambandet Halhjem-Sandvikvåg i Vestland.
Dette er blant dei eldste kontraktane som Statens vegvesen har på riksvegsamband.
Kostar å kutta
Avdelingsdirektør Dag Hole i Statens vegvesen fortel at anbodet til Torghatten går ut i desember 2026.
– Me har også opsjon på eitt og eitt år fram til 2031, seier Hole.
Det betyr at dagens ferjer, med dagens teknologi, i verste fall vert brukte fram til 2031.
Dette ynskjer ikkje Hole å kommentera.
– Me er i ein fase no der me analyserer sambandet, og me held alle moglegheiter opne, seier han.
NRK
Elise Caspersen, fagansvarleg maritim Zero:
Frå vårt ståstad er dei høge utsleppa eit argument for å prioritera utsleppsfrie løysingar, også på korte opsjonar.
Ein del av ei kortsiktig løysing kan vera at Statens vegvesen betalar for bruk av biogass i ein overgangsperiode. I nytt anbod bør det vera krav om elektriske eller hydrogendrivne ferjer.
Thomas Theis-Haugan
Sigurd Enge, seniorrådgjevar Bellona:
Riksvegsambanda er staten sitt ansvar, og dei har til no vore drivaren i omstillinga. Om dei utset vil det få betydning, både for utsleppa, men også leverandørkjeda og utbygginga av straumnettet som skal forsyna ferjene med fornybar energi.
Ferjesektoren er eit område der det var mogleg å nå klimamåla, og det vil vera negativt om bjøllesauen (Statens vegvesen) stoppar i arbeidet med omstilling.
Eli Bjelland
Ada Martine Jakobsen, direktør Maritime Cleantech
Skal me nå det vedtatte målet om å kutta halvparten av utsleppa frå skip langs kysten vår innan 2030, så er det openbert at den mest forureinande ferjestrekninga må handterast. Strekninga er optimal for hydrogendrift. Ferjesambanda der det i dag blir brukt LNG, er dei som er mest aktuelle for framtidig hydrogendrift, då dette typisk er lengre samband der batteridrift er krevjande.
NRK Morten Andersen
Anders Valland, forskingssjef Sintef:
Ein må sjå heilskapleg på det. Båtane som går der i dag er nye, og går på gass. Er det riktig å byta ut fartøy berre for å oppnå kutt i utsleppa?
Gassmotor har allereie låge utslepp til luft. Med desse motorane kan ein bruka innblanding av hydrogen, om ein får tak i berekraftig hydrogen og staten er villig til å betala for det. Du kan også byta ut fossil gass med biometan.
I dag kostar det 600 millionar kroner i året å drifta sambandet Halhjem-Sandvikvåg.
– Det er mogleg å fjerna utsleppa heilt, men det vil vera ein kostnad knytt til det. Skal ein ha nullutslepp, er det elektrisitet eller hydrogen det står mellom, seier Hole.
Usikker på kva som vert framtida
Maskinsjef Lekven er usikker på kva som vert framtida i maskinen. Men med dagens rutetabell, trur han gassdrift vil vera vanleg ei god stund framover.
– Framtida er kanskje store batteripakker. Men då må me ha tid til å lada, og kanskje ha fleire ferjer på sambandet. Nei, ein må rett og slett berre sjå kva som skjer, seier han.
Hei!
Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.
Publisert 12.12.2024, kl. 05.23