Datafeil blokkerer ytterdørene til alle som brukar heimeteneste i Bergen

5 months ago 33


Det har i dag oppstått problem med elektroniske låsar til brukarar av heimetenestene i Bergen kommune.

Akutte hendingar blir handterte, men generelt kan hjelpa bli noko forseinka, heiter det i ei pressemelding.

NRK mottok i 16-tida tysdag eit tips om at alle datasystema for heimesjukepleien i heile Bergen kommune var nede, inkludert dei elektroniske dørlåsane.

«Ein kjem dermed ikkje inn til brukarane, sjølv i akutte situasjonar. Kommunen har ikkje utløyst beredskapsplanane sine. Feilen har vart sidan klokka 12 og er framleis ikkje fiksa», heitte det i tipset.

– Ein krevjande situasjon

Helsebyråd Marte Monstad (Frp) kjende ikkje til dette då NRK kontakta henne, men skreiv litt seinare tilbake og stadfesta at «det har oppstått ein situasjon med lås-systemet.»

Kommunen opplyser no at årsaka er at det har oppstått ein feil etter ei teknisk oppgradering av eit sertifikat knytt til telefonsystema som blant anna blir brukte til å låse opp dei elektroniske låsane til brukarane.

Dei tekniske ressursane i kommunen jobbar utover kvelden fram til alle telefonar er retta.

– Det er ein krevjande situasjon for oss, men vi har god oversikt. Vi veit korleis vi skal ordne feilen, men det er tidkrevjande og må gjerast på kvar enkelt tilsett telefonen sin, skriv etatsdirektør i Etat for heimebaserte tenester, Berit Breistein.

Forseinka hjelp

Responssenteret som handterer tryggleiksalarmar har vore prioritert og fungerer som normalt.

Breistein opplyser at i alle bydelane har ein retta enkelte telefonar, og feilrettinga held fram inntil alle er operative.

– Vi prioriterer først dei pasientane som det er kritisk viktig å få gitt tenester til. Vi jobbar nå med å ordne feila for tenestene til heimesjukepleia. Hjelpa kan bli noko forseinka i ettermiddag og kveld. Vi gjer alt vi kan for at alle som treng hjelp skal få det, skriv Breistein.

Publisert 09.04.2024, kl. 17.17 Oppdatert 09.04.2024, kl. 17.45

Read Entire Article