Ein bilist skal ha køyrt inn i ei folkemengde i Bourbon Street i New Orleans i USA, rapporterer den lokale TV-kanalen WGNO.
Bourbon Street er ein populær samlingsstad i eit travelt turistområde.
WGNO skriv at fleire personar er døde, og ein reporter frå CBS News fortel at fleire skadde personar låg på bakken.
Vitne fortel CBS-reporteren at sjåføren køyrde inn i folkemengda, før han gjekk ut av bilen og skaut rundt seg. Deretter skaut politiet tilbake, ifølge vitna.
Ifølge WGNO køyrde bilen inn i ei folkemengde klokka 03.15 lokal tid.
Webkamerabilde frå gata viser at det var eit stort politioppbod i området.
Publisert 01.01.2025, kl. 12.04 Oppdatert 01.01.2025, kl. 12.19