Walisisk EM-lag i trafikkulykke
Wales sitt fotball-lag hamna i ei trafikkulykke på veg til trening på St Gallen Arena tysdag, melder BBC. Ingen blei skadd i ulykka. Det walisiske landslaget var på veg til trening før kampen mot Frankrike på onsdag, men måtte avlyse treninga. – Fotball er sekundært, sa trenar Rhian Wilkinson. Fotballforbundet i Wales bekreftar at landslagsbussen har vore i eit trafikkulykke. – Vi har prioritert å fjerne spelarar frå staden og returnert til treningsbasen for å fullføre førebuingane før morgondagens kamp. – Det handlar om å ikkje overreagere – berre passe på at dei er samla og med dei riktige personane rundt seg for å kunne ta avgjerder, sa Rhian Wilkinson på pressekonferansen etter ulykka.
