Tre bilar totalskadde etter brann
Politiet har starta etterforsking etter ein bilbrann på Rommen i Oslo i natt. Fleire bilar er totalskadde i brannen som blei varsla klokka 01.25. Kort tid etter melde brannvesenet at brannen var sløkt. – Tre bilar er utbrende, og det er skadar på ein varebil som har stått ved sida av personbilane, seier vaktkommandør Arvid Nordstrand i brannvesenet. Politiet har starta etterforsking, men har ingen mistenkte så langt. – Vi har avhøyrd vitne og søkt etter videoovervaking i området. Bilane er beslaglagde for eventuelle tekniske undersøkingar. Årsaka til brannen er ukjend. – Det er parkerte bilar som ikkje har vore i aktivitet, som har begynt å brenne utan noko naturleg grunn. Og då etterforskar vi det som påtente brannar.
