Svenske vann 1,3 milliardar
Ein svenske som vann 1,3 milliardar kroner i Eurojackpot, var i sjokk da telefonen om den enorme gevinsten kom.
– Dette er den største premien i Sverige nokosinne, seier pressekontakt Sofie Hodén i Svenska Spel til nyheitsbyrået TT. Ho snakka med vinnaren tysdag kveld.
– Vedkommande var i sjokk og skjelven. Det hadde ikkje gått heilt opp for vinnaren ennå, så vi blei einige om at eg skulle ringe tilbake i morgon, fortel Hodén, som seier ho sjølv hadde gåsehud da ho ringde.
Ho vil ikkje seie der vinnarkupongen blei levert inn, men seier milliardvinnaren hadde satsa 150 kroner.
Premien er meir enn dobbelt så stor som den gamle rekorden frå 2019. Den gongen vann ein spelar i Örebro 562 millionar kroner.
(NTB)