Svenske medium: Nytt kabelbrot mellom Sverige og Finland

Dec 03, 2024 - 14:30
0 9
Svenske medium: Nytt kabelbrot mellom Sverige og Finland
Det har skjedd eit nytt kabelbrot på ei internettlinja mellom Sverige og Finland, ifølge opplysningar til Sveriges Radio. Det skriv Aftonbladet. Kabelbrotet vart oppdaga i natt og skal ha skjedd på land i Finland, skriv SVT. Ifølge Ekot mistenker politiet eit lovbrot og svenske styresmakter er informert. – Me veit at det har vore eit kabelbrot og me fekk informasjonen seint i går kveld, seier Christina Jarnlid, pressevakt i Myndigheten för samhällsskydd och beredskap (MSB) til Aftonbladet. Post- och telestyrelsen (PST) seier til Dagens nyheter at det er oppdaga to skader på kabelleidningen. Den svenske forsvarsministeren Carl-Oskar Bohlin seier til Aftonbladet at dei mistenker at det kan vera snakk om sabotasje.

What's Your Reaction?

Like Like 0
Dislike Dislike 0
Love Love 0
Funny Funny 0
Wow Wow 0
Sad Sad 0
Angry Angry 0

Comments (0)

User