Støre: Alle tapar på handelskrig

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er kritisk til at USA vil legge straffetoll på varer frå nabolanda og EU. Han meiner dette er noko alle partar vil tape på. – Eg klarer ikkje å sjå noko positivt ved dette, eigentleg. Ei verd som går til slike tollsatsar mot kvarandre, vil alle tape på, seier han til NRK. Dersom dei varsla tollsatsane kjem mot Europa, reknar Støre med at Europa vil svare med same mynt. – Då må Noreg ta vare på eigne interesser. Det viktigaste for oss er eksporten til Europa. Og vi må unngå at det blir tollsatsar mellom Noreg og Europa. Det har vi jobba med over tid, seier han.

Feb 3, 2025 - 11:30
 0