Stjernesund eit stykke bak
Thea Louise Stjernesund ligg på niandeplass etter 1. omgang i storslalåmen i italienske Sestriere. Stjernesund ligg 0,69 sekund bak leiande Alice Robinson frå New Zealand, som vart nummer to i slalåmen fredag. Mina Fürst Holtmann og Kajsa Vickhoff Lie ligg på høvesvis 17. og 20. plass. 1. omgang pågår framleis, men dei venteleg beste har køyrt.
