SSB: Kraftig auke i grensehandelen så langt i år
Frå januar til og september i år har nordmenn grensehandla for 8,1 milliardar kroner. Det er ein auke på 18 prosent samanlikna med same periode i fjor, viser tal frå SSB. I snitt brukte nordmenn 2060 kroner per dagstur over grensa. Det meste av pengane har gått til mat- og daglegvarer. – Vi har brukt meir pengar på grensehandel dei ni første månadane av året samanlikna med same periode i fjor. Vi handlar stort sett dei same varene, seier seniorrådgjevar Guro Henriksen i SSB i ei pressemelding. Nordmenn har handla alkohol for nesten 1,1 milliardar kroner i Sverige. Vin og brennevin utgjer 7,5 prosent av grensehandelen, medan alkoholhaldig øl og sider utgjer 6 prosent.
