Spørretimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til helse- og omsorgsministeren. Besvart: 12.11.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre
Den økonomiske situasjonen for Helse Møre og Romsdal er mildt sagt vanskeleg og framstår totalt ute av kontroll. Dette er svært alvorleg for helse- og sjukehustenestene til befolkninga i heile Møre og Romsdal, dersom utbyggingskostnadene og underskotet i drifta skal dekkast inn gjennom å kutte i legar, sjukepleiarar og andre sjukehustilsette. Kva har statsråden tenkt å gjere for å sikre forsvarlege helse- og sjukehustenester i fylket vårt, utan at dette skal gå ut over dei tilsette ved sjukehusa?