Sp: – Uaktuelt å splitte energipakke

– Det uaktuelt for Senterpartiet å splitte opp EUs fjerde energimarknadspakke for å innføre den stykkevis og delt. Det seier Gro Anita Mykjåland, som er energipolitisk talsperson i Senterpartiet si stortingsgruppe. Arbeidarpartiet har pressa på for å innføre delar av pakken før valet, noko som skaper splid i regjeringa. Trond Giske seier til NRK at han støttar innføring av dei delane av avtalen som ligg på bordet no og at Senterpartiet «Tar kampen på feil sak». – Det er heilt klart utfordringar også med desse delane av energimarknadspakken, seier Mykjåland. Mellom anna meiner ho Fornybardirektivet vil flytte makt til EU. – Det gir norske kommunar mindre moglegheit til å seie nei til mellom anna vindkraft, seier ho. Mykjåland vil ikkje kommentere om det er aktuelt å gå ut av regjering på denne saka. – Men det er klart det er ein krevjande situasjon. Vi må sikre sterkare kontroll over kraftpolitikken – ikkje mindre kontroll, seier ho til NRK.

Jan 22, 2025 - 14:00
 0