Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til justis- og beredskapsministeren. Besvart: 31.03.2025 av justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen
Afghanske kvinner i Noreg uttrykkjer stor uro og bekymring over at Taliban no styrker representasjonen med ein ny førstesekretær på ambassaden i Oslo. Taliban-regimet fråtar kvinner rett til utdanning, arbeid og deltaking i samfunnet, og kvinnelege menneskerettsaktivistar som har søkt tilflukt i Noreg rapporterer om truslar mot seg sjølv og familiemedlemmer frå personar med tilknyting til Taliban. Kva vil justisministeren gjera for å trygga afghanske kvinner i Noreg no som ambassaden i Oslo blir gjenopna?
