Skiflyging avlyst i Vikersund
Kvinnenes skiflygingsrenn i Vikersund har blitt avlyst grunna sterk vind. Nika Prevc vinn dermed Raw Air. Eirin Kvandal og Anna Odine Strøm kjem på annan- og tredjeplass i samandraget.
Rennsjef i FIS, Sandro Pertile, fortel at det rett og slett ikkje var mogleg å gjennomføre rennet.
– Vinden var veldig ustabil i dag, han kom frå alle retningar og var ikkje føreseieleg. Over 5-6 meter per sekund. Med desse forholda kan vi ikkje tillate utøvarane å hoppe, du veit ikkje kva som skjer, seier han til NRK.
Treningsomgangen blei avbroten undervegs og juryen vurderte om det lét seg gjennomføre, men 11.30 kom dei fram til at det ikkje var forsvarleg.
15.05 skal etter planen herrane ut i kvalifisering.
Den sterke vinden har gjort at eit oppblåsbart reklamebanner har velta over ende. NRKs reporter på staden melder at dei no har fjerna lufta i den.