Rygga på barnevogn under øvingskøyring
Trafikkuhellet ved Vestkanten kjøpesenter i Loddefjord skjedde i samband med øvingskøyring. Eit barn er frakta til Haukeland sjukehus med ambulanse etter at ein bil rygga på vogna som barnet låg i. Det er førebels ukjend kor skadd barnet vart. Bak rattet sat ei kvinne i 50-åra som øvingskøyrde. – Det var utilsikta å ta foten på gasspedalen, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannesen ved Vest politidistrikt. I passasjersetet sat ein mann i 30-åra. Politiet har ikkje gjort førarkortbeslag etter uhellet, men har oppretta sak mot begge i bilen.
