Rundspelte i ein halvtime – så skjerpa United seg

Allereie etter 20 minutt låg Manchester United under 2–0 heime mot Newcastle – og det kunne ha vore endå meir. Alexander Isak og Joelinton scora begge på headingar etter fine angrep. Både Isak og Anthony Gordon hadde i same periode gode sjansar – utan utteljing. Uansett var United oppe i 18 baklengs i desember, noko som ifølgje BBC ikkje hadde skjedd sidan mars 1964. – Amorim må begynne å lure på kva lag han har tatt over her, sa Viaplay-kommentator Andreas Toft. Newcastle køyrde på vidare. Isak fekk eit mål annullert og Sandro Tonali hamra ballen i stonga. Då hadde Ruben Amorim fått nok. Etter 33 minutt vart Joshua Zirkzee tatt av bana og erstatta av Kobbie Mainoo. – Eg forsvarer det bytet. Amorim måtte gjere noko, meinte Viaplay-eksperten Nils Johan Semb. Etter bytet skjerpa United seg kraftig, og kom til fleire store sjansar utover i kampen. Men Newcastle heldt unna og vann det underhaldande oppgjeret 2–0.

Dec 30, 2024 - 23:30
 0