Qatar: Pressekonferanse om våpenkvileforhandlingar

Qatars statsminister, Mohammed bin Abdulrahman bin Jassim al-Thani skal halde ein pressekonferanse i Doha. Det melder Reuters og Haaretz. Reuters melder rundt klokka 17.20 norsk tid at al-Thani skal møte Hamas-forhandlarar på sitt kontor i eit siste forsøk på å sikre ein avtale om våpenkvile og frigjering av gislar i Gaza, ifølgje ei kjelde som er involvert i forhandlingane. Dette skjer medan partane Israel og Hamas forhandlar om våpenkvile og gisselavtale i Gaza. Qatar har spelt ei viktig rolle som meklar i forhandlingane mellom partane. Saman med USA og Egypt, har landet jobba for å få til ei avtale om våpenkvile og utveksling av gislar. Ingen av partane har så langt gjeve offentlege kommentarar.

Jan 15, 2025 - 18:00
 0