Poengterer viktigheita av Noreg-kampen: – Vår tøffaste motstandar
Kven som kvalifiserer seg til VM i 2026 avheng stort av fredagens kamp på Ullevaal. Vinnaren av gruppa går direkte til VM i USA, Canada og Mexico. – Det er ein viktig kamp. Me møter vår tøffaste motstandar. Me førebur oss på å vere på vårt beste, for me veit at for å kvalifisere så er det mykje som avheng av denne kampen, sa Giovanni Di Lorenzo da han møtte pressen før Italia møter Noreg. Napoli-spelaren fortel at Italia er førebudd på å forsvare seg som ein eining for å stoppe det han meiner er Noregs farlegaste våpen. – Me er klar over dei gode spelarane Noreg har. Som Haaland, Ødegaard og Sørloth. Det er kvalitetsspelarar. Noreg fekk ein draumestart på VM-kvalifiseringa ved å slå Moldova og Israel på bortebane. Italia spelar sin første kvalifseringskamp når dei møter Noreg. Kampen på fredag kan du høyre på NRK Sport frå 20.15. Kampstart er 20.45.
