Ole Klemetsen vann underhaldingskamp
Frank Løke og Ole Klemetsen møttest laurdag kveld i ein showkamp i boksing som vart sendt av VG. Etter fleire rundar blei Løke diskvalifisert, og sigeren gjekk til den tidlegare proffboksaren Ole Klemetsen. Løke entra arenaen på ei kongetrone, noko Klemetsen meinte gav han ein «enorm fallhøgd». – Det der var pinleg å sjå på, sa VGs kommentator Thomas Hansvoll. Etter kampen oppstod det basketak inne i ringen. Fleire politifolk var også inne for å bryta opp bruduljane, som varte ei kort stund.
