Norgesgruppen auka omsetninga med 5,6 prosent

Norgesgruppen auka omsetninga med 5,6 prosent i første halvår, viser selskapet sine resultat. Selskapet tente 2,2 milliardar før skatt. Årsaka skal vere gode resultat frå tilknytt selskap, melder NTB. – Auken i omsetninga skuldast at fleire kundar handlar i våre butikkar. God kostnadskontroll gjer at vi kan konkurrere hardt på pris i ein marknad med sterk konkurranse, seier konsernsjef Runar Hollevik i er pressemelding. Norgesgruppen er eit landsdekkande handelshus med kjedekonsept som Kiwi, Meny, Joker, Spar, Mix, Jafs, Deli de Luca med fleire, i tillegg til det nasjonale grossistselskapet ASKO. – Norgesgruppen omsette for 60,4 milliardar kroner første halvår 2025, ein auke på 3,2 milliardar kroner samanlikna med same periode i fjor, skriv selskapet i ei pressemelding. Leiar i Raudt Marie Sneve Martinussen reagerer på resultatet. – Det er grotesk at Norgesgruppen håvar inn milliardar på auka matprisar samtidig som halvparten av landets aleineforsørgarar ikkje har råd til nok mat, seier ho til NRK. Stein Rømmerud i Norgesgruppen har forståing for at auka prisar uroar mange. – Det er forståeleg at auka priser bekymrar mange. Prisveksten rammer særleg dei som har minst frå før, derfor må vi gjere det vi kan for å halde prisveksten så låg som mogleg, seier Rømmerud. – Resultatmarginen til Norgesgruppen er på 3 prosent, uendra frå same periode i fjor. Lønnsam drift er viktig for å sikre arbeidsplassar over heile landet. Vi trur dei fleste politikarane vil meine det er bra at vi har lønnsame verksemder, legg han til.

Aug 27, 2025 - 18:00
 0